Om Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering

Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering (NK ARR) er ei eining ved Rehabiliteringssenteret AiR. Rehabiliteringssenteret blei etablert i 1986 og skulle bli arbeidslivets svar på Beitostølen. Fagfeltet arbeidsretta rehabilitering har heile tida vore i utvikling ved det som den gong heitte Attføringssenteret i Rauland, og i 2005 fekk senteret status som nasjonalt kompetansesenter for fagfeltet. Senteret vart då delt inn i dei to einingane AiR – Klinikk og AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering.

  • Den praksisnære tilknytinga til AiR – Klinikk var ein viktig føresetnad for etableringa av kompetansesenteret. Samstundes som ein forskingsuavhengig posisjon vart sikra gjennom ei avtale med Uni helse, Universitet i Bergen.
  • Kompetansesenteret har som oppgåve å utvikle og styrke fagfeltet med utgangspunkt i arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta.
  • Kompetansesenteret er oppnemnt av Stortinget og blir forvalta av Helse Sør-Aust RHF.
  • Kompetansesenteret byggjer på ein nettverksmodell med utgangspunkt i eit nettverk av ARR-institusjonar i spesialisthelsetenesta med avtale med regionale helseføretak. 
  • Kompetansesenterets hovudmål er å stimulere og bidra til nasjonal faglig utvikling innan arbeidsretta rehabilitering 

 

Føremåla med kompetansesenteret er å:

  • Få betre kunnskap om målgrupper innan ARR.
  • Få betre kunnskap om kva som er best mogleg innhald i metodikk for ARR.
  • Få betre kunnskap om effektar av ARR.
  • Få betre kunnskap om optimal samhandling med andre aktørar i samhandlingskjeda.
  • Vera med å styrke kompetanseutvikling i heile behandlingskjeda.

Våre arbeidsområde

For å nå målsetjinga har kompetansesenteret fire arbeidsområde:

 1. Forsking

Kompetansesenteret skal vera med å betre det faglege fundamentet for arbeidsretta rehabilitering. Det er difor eit mål å auke forskingsaktivitet internt og saman med våre samarbeidspartnarar for å betre forståinga av inntakskriterier, optimalt innhald, effekt og optimale samhandlingskjedar.

Kompetansesenteret har inngått eit formelt forskingssamarbeid med Uni helse, UiB.

 2. Fagutvikling

Kompetansesenteret skal være ei læringsstøtte for praksisfeltet innan arbeidsretta rehabilitering. Strategien er å auke tilgangen på kompetanse og kunnskap knytt til arbeidsretta rehabilitering med utgangspunkt i AiR - Klinikk og dei andre institusjonane i nettverket. Auka fagkunnskap og stadig forbetra praksis gjennom dialog og refleksjon er og føremålet med læringsarenaene til kompetansesenteret.

 3. Formidling av fagfeltet og deltaking i eksterne regionale/nasjonale prosessar

Kompetansesenteret skal arbeide for å vidareutvikle og forbetre arbeidsmåte og innhald i arbeidsretta rehabilitering, og skal formidle ny kunnskap frå intern og ekstern forsking og fagutvikling. Vi arbeider også med kompetanseutvikling gjennom studier, læringsarenaer og kurs.

 4. Nettverk

Vår nettverksmodell har ein kjernestruktur som består av kjerne, kjernegruppe og kjernenettverk. Dette er kompetansesenterets utgangspunkt og primære kunnskapsgrunnlag, og er avgrensa til rehabiliteringsinstitusjonar i spesialisthelsetenesta med eit spesifikt arbeidslivsfokus. Eit sentralt mål er å auke det faglege grunnlaget. Samtidig ynskjer vi at den kompetansen som blir utvikla i kjernenettverket òg kan bli tilført andre institusjonar med ARR-profil, aktørar som tilbyr arbeidsretta tiltak og øvrige samhandlingskjede.

Ein nettverksmodell er ikkje ein stabil struktur. Han er sett saman av delvis omskiftelege og til ein viss grad organiske nettverk. Slik vil samanstillingar og samarbeidspartnarar skifte når omgjevnadane stadig er i endring.


 

Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer meir informasjon om oss:

AiR – Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering

Haddlandsvegen 20

3864 Rauland

Telefon: 35 06 28 00