Arbeidsretta rehabilitering
Målgruppe
Målgruppa er i hovudsak sjukemeldte arbeidstakarar med antatt arbeidsevne som har vore gjennom tilstrekkeleg medisinske utredingar og behandling, men som ikkje har klart å ta steget tilbake til arbeidslivet. Opphaldet skal vera eit tiltak utover det som det ordinære hjelpeapparat kan gje (1.og 2. linjeteneste). Personar som mottek arbeidsavklaringspengar er òg del av målgruppa.
Bakgrunn og definisjon
Erfaring og forsking viser at årsaker til sjukefråvere ofte er samansett. I det legemeldte sjukefråveret er muskel- og skjelettplager og psykiske plager dei mest brukte diagnosegrupper (Sjukefråværsstatistikk, Nav 1. kvartal 2007). Det kan også vera andre psykososiale faktorar som hindrar arbeidsdeltaking.
Fagrådet for arbeidsretta rehabilitering definerer ARR som (2008):
"Tidsavgrensede planlagte prosesser med klare virkemidler og deltagelse i arbeidslivet som definert hovedmål, hvor flere aktører samarbeider om å gi nødvendig bistand til brukerens egen innsats for å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne, selvstendighet og deltagelse i arbeidslivet.”
Kvalitetsmål
Fagrådet for arbeidsretta rehabilitering har utvikla eit sett med kvalitetsmål for fagfeltet. Kvalitetsmåla konkretiserer bl.a. den kompetansen som arbeidsretta rehabilitering innan spesialisthelsetenesta bygger på :
- Medisinskfagleg rehabiliteringskompetanse.
- Veiledningskompetanse / kognitiv tilnærming.
- Arbeidslivskompetanse.
- Samhandlingskompetanse med lokale aktørar som arbeidsgjevar/arbeidsplass, primærlege, BHT, Nav, lokale behandlarar, arbeidslivssenter, attføringsbedrifter med fleire. Samarbeid med arbeidsplassen blir vektlagt.
Les meir om fagrådet og kvalitetsmåla.
Innhald i eit ARR-program
Arbeidsretta rehabilitering inneber helsefremmande prosessar samtidig med tiltak retta mot arbeidslivet. Tilbodet inneheld tverrfagleg kartlegging, tilpassa fysisk aktivitet og kognitive åtferdsretta endringsprosessar gjennom veiledning individuelt og i grupper. Det bli lagt til rette for at brukaren startar eigne lærings- og treningsprosessar som fremmar bevisstgjering av eigne ressursar og moglegheiter, og som bidreg til å få tilbake eller behalde arbeidsevna og deltaking i arbeidslivet.
Funksjons- og arbeidsevne
Arbeidsretta rehabilitering byggjer på ei biopsykososial og fenomenologisk forståing av funksjon/sjukdom. Dette inneber ei erkjenning av at utvikling av sjukdom og/eller nedsett funksjonsevne har samansette årsaker der både biologiske, psykososiale og kulturelle faktorar spelar ei rolle. Brukaren sine opplevingar og fortolkingar av daglegliv og arbeidssituasjon er avgjerande for å styrke dei helsefremmande elementa. ICF (International Classification of Function ) kan vera nyttig både som overordna teoretisk rammeverk for å forstå funksjonsomgrepet og som metodeverktøy for den tverrfaglege intervensjonen
I arbeidsretta rehabilitering blir desse elementa vektlagt:
- Brukaren si funksjonsevne sjåast i samanheng med hennar/hans sine opplevingar og erfaringar, daglegliv og arbeidssituasjon.
- Bidra til auka bevisstgjeringa hjå brukaren av eigne ressursar, moglegheiter til aktivitet og arbeidslivdeltaking.
- Fysisk aktivitet i ulike former tilpassa brukaren sine føresetnadar blir vektlagt.
- Nær kontakt med arbeidsgjevar, Nav og lokalt hjelpeapparat.
Eit ARR-opphald skal ende opp med ei funksjonsvurdering og ein konkret handlingsplan mot deltaking i arbeidslivet som skal forankrast lokalt.
Politisk prioriteringar av sjukefråvere og arbeidsretta rehabilitering
Arbeidsretta rehabilitering blir av styresmaktene sett på som eit viktig verkemiddel i prosessen med å få sjukemeldte tilbake i arbeide.
I St.prp.nr.1 (2007-2008) blei Nasjonal strategi for habilitering og rehabilitering 2008- 2011 lansert.
Problemstillingar knytt til Arbeid og helse har ein sentral plass i strategien, der også arbeidsretta rehabilitering er tydeleg plassert. Strategien legg stor vekt på kvalitet, forsking og fagutvikling, og er på i tråd med måla til Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. Stortingsmelding nr 9. Arbeid, velferd og inkludering, viser til at det i fleire samanhengar har vore påpeikt at det er trong for tverrfaglege- og arbeidsretta tenester som er spesielt utforma for å bidra til at sjukemeldte kjem tilbake i arbeid. St.meld. 9 er blitt fylgt opp av fleire verkemiddel, og det er blant anna vedteke Forskrift om avklaring, arbeidsretta rehabilitering og oppfølging for sykemeldte arbeidstakere.
I St.prop. nr. 1 (2006-2007), Del 3 Nasjonal helseplan 2007-2010 (Helse- og omsorgsdepartementet), lyftas også samhandling og rehabilitering/habilitering fram som særskilde satsingsområde for helse- og omsorgstenesta.